I 13-16 årsklassen kan samla alder på laget vere maksimalt 46 år rekna ut frå aldersklasse. I 11-12 årsklassen kan maksimal alder vere 36 år.
Det er ikkje lov å nytte 11-12 åringar i klasse 13-16 år.

Stafetten er for aldersgruppa 11 – 16 år. Det betyr at det ikkje er høve til å nytte nybegynnarar 10 år eller yngre

Klasseinndeling stafett

  • Klasse
  • 11-12 Jenter
  • 11-12 Gutar
  • 11-12 Mix
  • Fødd
  • 2014-2015
  • 2014-2015
  • 2014-2015
  • Klasse
  • 13-16 Jenter
  • 13-16 Gutar
  • 13-16 Mix
  • Fødd
  • 2010-2013
  • 2010-2013
  • 2010-2013

Dagsprogram fredag

PS! Tidene er uoffiselle, og kun rettleiande

TIDAktivitetKlasseStad
07:30-09:15InnskytingG13-16, J13-16, Mix 13-16Liatoppen skisenter
09:35StafettG13-16, J13-16, Mix 13-16Liatoppen skisenter
14:15-15:10InnskytingG11-12, J11-12, Mix 11-12Liatoppen skisenter
15:20StafettG11-12, J11-12, Mix 11-12Liatoppen skisenter
19:00OpningsshowAlleÅl sentrum

Løpsprogram

KlasseDistanseMerknad
G11-12, J11-12, Mix 11-12Tre etapper: 1,0 + 0,7 + 1,0To skytingar. 3 ekstraskot pr skyting. Strafferunde 100 m
G13-16, J13-16, Mix 13-16Tre etapper: 1,5 + 0,7 + 1,5To skytingar. 3 ekstraskot pr skyting. Strafferunde 100 m

Informasjon

Samansetjing av lag

ASKO-stafetten er ein KLUBB-stafett. I alle klassar skal det kun vere løparar frå same klubb.

I mix-klassane må det vere minst ei jente på laget. Det er ikkje høve til å stille med jenter i guteklassane.

For at flest mogeleg skal kunne delta på stafetten, er det mogeleg å stille lag med løparar frå fleire klubbar. Slike lag går utanfor konkurranse, men får deltakarpremie. På resultatlista blir etappetid til kvar løpar vist.

Merking av våpen

Det er svært viktig at våpena er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn, SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.

Bruk av lagleiarvest

Alle klubbansvarlege inne på standplass, SKAL ha på seg vest. Akkrediteringsvestane ligg i lagsposen, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!

Ekstraskot

Ved bom skal det nyttast ekstraskot. På kvar serie kan det nyttast inntil 3 ekstraskot. Det er foreldre/lagleiar sitt ansvar at desse fylgjer våpenet når funksjonærane legg dei fram på matta.

Brikker

Alle brukar arrangøren sine brikker.

Pass på at løparane går med rett brikke!

Lag 1: Brikke 1, 2, og 3.
Lag 2: Brikke 4, 5 og 6 osv
3. etappe går med brikkenummer som tilsvarer lagsnummeret multiplisert med 3. Sjå startlista.

Set brikka på venstre fot.

Skivenummer

Heile laget skal bruke same skiva. Skiva tilsvarer startnummeret, rekna samanhengande i «serie» frå 1 til 30. Dvs. at lag nr. 45 skyt på skive 15. Og lag nr. 62 skyt på skive 2.

Startprosedyre

Starten er på myra før stadion (studér arenakartet).

Veksling

Vekslingsfeltet er i bakken ut frå stadion.

Gå ut der enkeltstartane er for å koma til vekslingsfeltet. Gå opp første bakken. Der er vekslingsfeltet. Etter veksling går de same vegen attende.

Vi har problem med kryssing av løypa frå Nilsehaugen til vekslingsfeltområdet. Det vil bli mogleg å krysse, men vi ber om at dette vert gjort der det vert lagt til rette for kryssing. Her må alle nytte kostar som vert sett ut. Dette for å unngå jord og stein i løypa.

Møt opp i god tid! (studér arenakartet)

Forklar løypene

Forklar løypelengdene nøye for løparane – spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gir nyttig informasjon.

Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.

Premiering

Alle får premien sin når dei kjem til veksling/mål.
For 1., 2. og 3. plass er det i tillegg eiga premieutdeling under opningsshowet i Ål sentrum fredag kl 19.00.

Startliste

Startlister – fredag

Stafett, fredag EQ pdf

Sjekk eqtiming for oppdatert informasjon.

Innskytingslister

Innskyting 13-16 år stafett

Tid:              07:30 – 09:15
Pappskifte: 08:17-08:27

Innskytingsliste fredag pulje 1 Innskyting stafett 13-16 år

Innskyting 11-12 år stafett

Tid:                14:15 – 15:10

Innskytingsliste fredag pulje 2 Innskyting stafett 11-12 år

Arenakart