Normal og fellesstart

Innskyting

Det er ikkje innskyting for nybegynnarklassane. Desse kan få sett våpen i stativet etter at innskytinga er ferdig og sjølv om løpet er i gang. Kontakt standplassfunksjonær.

Alle klubbansvarlege inne på standplass SKAL ha på seg vest. Akkrediteringsvestane låg i lagsposen fredag/laurdag, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!

Hugs å levere attende vestane før heimreise.

Det er svært viktig at våpenet er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.

Påsetting av brikker – 11-12 år og nybyrjarklassar

Alle brukar arrangøren sine brikker. Same opplegg som laurdag.

Påsetting av brikker – Fellesstart (13 år og eldre)

I god tid før ein puljestart skal dei 30 løparane møte ved myra der 0,7 km snur.

Starten er like ved oppvarmingsområdet (same som stafettstarten fredag). Påsett av brikker skjer like ved start.

Alle brukar arrangøren sine brikker.

Sjekk arenakart kor de går for å koma til start.

MØT FRAM I GOD TID!

Informasjon

Strafferunde – Fellesstart

Det blir nytta 2 strafferundar til fellesstarten (13-16 år); runde A og B.

I runde A skal alle med oddetalsnummer gå, og i runde B skal alle med partalsnummer gå. Det er ingen krise om ein løpar går ”feil”, men det er viktig å få fordelt løparane av omsyn til både videokontroll og manuell strafferundekontroll.

Forklar løypene

Forklar løypelengdene nøye for løparane – spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gjev nyttig informasjon.
Vår erfaring er at ein del av dei yngste «gløymer» å gå heile sisterunden.

Premieutdeling

Premieutdeling skjer umiddelbart etter målpassering. I tillegg er det eiga pallpremiering.

Dagsprogram

TIDAKTIVITETKLASSESTAD
07.00-08.45InnskytingJ11-12, G11-14Liatoppen skisenter
09.00-10.15 (ca)NormalJ11-12, G11-12Liatoppen skisenter
10.20 (ca)NormalNybryrjararLiatoppen skisenter
11.40 (ca)FellesstartG13-14Liatoppen skisenter
13.00-14.30InnskytingJ13-16, G15-16Liatoppen skisenter
14.45FellesstartJ13-16, G15-16Liatoppen skisenter
FortløpandePremieutdelingAlleLiatoppen skisenter

Løpsprogram

KLASSEDISTANSEMERKNAD
Nybyrjarar 10 år og yngre0,7 + 0,7 + 0,7Stor blink m/støtte – 30 sek tillegg pr bom. Ingen innskyting
Nybyrjarar 11 og 12 år1,5 + 0,7 + 0,7Stor blink m/støtte – 30 sek tillegg pr bom. Ingen innskyting
Nybyrjarar 13 – 16 år1,5 + 0,7 + 1,5Stor blink m/reim- 30 sek tillegg pr bom. Ingen innskyting
Gutar/jenter 11 og 12 år1,5 + 0,7 + 1,5Liten blink m/støtte – 30 sek tillegg pr bom
Gutar/jenter 13 og 14 år1,5 + 1,5 + 1,5Fellesstart – 75 m strafferunde
Jenter 15 og 16 år1,5 + 1,5 + 2,0Fellesstart – 75 m strafferunde
Gutar 15 og 16 år2,0 + 2,0 + 2,0Fellesstart – 75 m strafferunde

Puljetider fellesstart

Fellesstart første delFellesstart andre del
Kl 11:40: G14 år (1.pulje)
Kl 11:51: G14 år (2.pulje)
Kl 12:02: G14 (3.pulje)/G13 (3.pulje)
Kl 12.15: G13 (1.pulje)
Kl 12.27: G13 (2.pulje)
Kl 14:45: G16 år (1.pulje)
Kl 14:59: G16 år (2.pulje)
Kl 15:13: G16(3.pulje)/G15(3.pulje)
Kl 15:29: G15 år (1.pulje)
Kl 15:43: G15 år (2.pulje)
Kl 15:57: J16 år (1.pulje)
Kl 16:09: J16 år (2.pulje)
Kl 16:23: J16 år(3.pulje)/J15(3.pulje)
Kl 16:39: J15 år (1.pulje)
Kl 16:53: J15 år (2.pulje)
Kl 17:06 J14 år (1.pulje)
Kl 17:18: J14 år (2.pulje)
Kl 17:31: J14(3.pulje)/J13(3.pulje)
Kl 17:47: J13 år (1.pulje)
Kl 18:01: J13 år (2.pulje)

NB! Sjølv om ein startar i t.d. pulje 2 eller 3 kan ein bli blant dei 30 beste. Resultatlista vert rangert etter tid uavhengig av pulje.

Tidene er uoffisielle!

Startliste

Startliste – Sundag

Startliste er basert på resultat frå sprint laurdag, og blir klart laurdag kveld. Sjå lenger opp for ca starttid for dei ulike fellesstartane.

Alle klassar EQ

Innskytingslister

J11–12 & G11–14

Tid: 07:00–08:45
Innskytingsliste sundag pulje 1 Innskyting 1. sundag

J13–16 & G15–16

Tid: 13:00–14:30
Innskytingsliste sundag pulje 2 Innskyting 2.sundag

Arenakart